Berekraft

Flåmsbana går 100% på fornybar straum, og har gjort det sidan 1947. Det er heilårsdrift og veksande reisetal vinterstid bidreg til å skape heilårsdrift også for andre reiselivsprodukt i Flåm.

Selskapet har eit godt samspel med lokale aktørar i Flåm og i Flåmsdalen, både med tanke på tilstøytande opplevingsprodukt og å sikre gode opplevingar for gjestene. For å vedlikehalde kulturlandskapet og oppretthalde god utsikt frå toget, har ein inngått avtale om årleg skogrydding og beiting langs jernbanelinja.  

Alle fast tilsette i selskapet er busett lokalt. I tillegg jobbar ein med å ta inn lærlingar for alle selskap som bidreg i totalproduktet Flåmsbana.

Signert redegjørelse vedrørande openheitslova for 2023 finn du her.

Signert redegjørelse vedrørande openheitslova for 2024 finn du her.

Signert redegjørelse vedrørande openheitslova for 2025 finn du her.

Foto under: © Norway’s Best / Sverre Hjørnevik