Berekraft

Flåmsbana går 100% på fornybar straum, og har gjort det sidan 1947. Det er heilårsdrift og veksande reisetal vinterstid bidreg til å skape heilårsdrift også for andre reiselivsprodukt i Flåm.

Selskapet har eit godt samspel med lokale aktørar i Flåm og i Flåmsdalen, både med tanke på tilstøytande opplevingsprodukt og å sikre gode opplevingar for gjestene. For å vedlikehalde kulturlandskapet og oppretthalde god utsikt frå toget, har ein inngått avtale om årleg skogrydding og beiting langs jernbanelinja.  

Alle fast tilsette i selskapet er busett lokalt. I tillegg jobbar ein med å ta inn lærlingar for alle selskap som bidreg i totalproduktet Flåmsbana.

Signert redegjørelse vedrørande openheitslova for 2023 finn du her.

Foto under: © Norway’s Best / Sverre Hjørnevik