Skildring av strekninga

Flåmsbana er Nord-Europas brattaste normalspora adhesjonsbane. Adhesjonsbane vil seie at det ikkje vert nytta tannhjul eller vaier for trekkraft.

Stigninga på det meste av strekninga er 55 ‰ - det vil seie 1:18. Opp den krunglete dalen er det mange krappe kurvar, med kurveradius heilt ned på 130 meter – noko som er svært lågt på normalspora baner.

Flåmsbana svingar seg gjennom noko av det mest dramatiske fjord- og fjellandskapet i Noreg. Frå Flåm stasjon ved Aurlandsfjorden føl bana Flåmselvi i botn av dalen til Lunden haldeplass er passert.

Her byrjar lina stigninga opp i dalsida, noko som gir ein flott utsikt over gamle Flåm sentrum. Etter Furubergstunnellen får ein utsyn til den spektakulære Rjoandefossen på den andre sida av den smale Flåmsdalen.

Jernbanelinja kryssar så dalen på ei stor fylling. Her er elva lagt i tunnel. På venstre kan ein no skimte høgdegardane Ryo, Holo og Geisme som klamrar seg fast høgt oppe i fjellsida.

Lenger opp i dalen kan ein også sjå høgdegarden Vidme. Før det kjem ein til Berekvam stasjon, der det kan vera kryssing med møtande tog sommarstid.

© Norways Best/ Sverre Hjørnevik

Etter Berekvam blir dalen gradvis smalare heilt til linja ligg trykt inn i hoggberget kloss i stryka til Flåmselvi. Bana går deretter gjennom nokre korte tunnelar før den igjen kryssar elva på ei fylling. Utsikta er no på høgresida medan linja på nytt vinn høgde over botnen av dalen. Mellom to lange tunnelar får ein utsyn ned på stølen på Kårdal og Kårdalsfossen.

Etter den lengste tunnelen på strekninga (Nåli tunnelen) har linja bokstaveleg talt klatra opp i den stupbratte fjellsida. Herfrå ser ein korleis traseen vil klatra vidare opp fjellsida lenger framme, med snøoverbygg i tre nivå. Lengst oppe kan ein også glimte Bergensbanen. Ein kan også sjå korleis rallarvegen svingar seg opp Myrdalsberget i sikk-sakk.

Ein rekk knapt å ta inn over seg dette før eit nytt høgdepunkt ventar – Kjosfossen. Her stoggar toget i nokre minutt slik at ein kan gå av toget. På enkelte dagar er vassføringa så stor at ein kan kjenne drevet frå fossen mot andletet!

Partiet etter Kjosfossen var det mest krevjande å bygge på heile strekninga. Løysinga var å bygge ein vendetunnel (180 graders sving inne i fjellet) til å fordele stigninga på. I den eine augneblinken har ein utsikt ut frå snøoverbygga og ned Flåmsdalen på høgre sida.

I det neste har ein utsikta gjennom ei glipe i fjellet på venstre side. Når ein kjem ut av tunnelen har ein kome opp på fjellplatået Reinunga og innsjøen Reinungavatnet. Dette er kjelda til Kjosfossen. På ny tek jernbanelinja ein krapp 180 graders sving, men denne gongen er det ikkje i tunnel.

© Norway’s Best / Chris Baldry

Når toget stoggar på Vatnahalsen haldeplass har ein jernbanelinje på to nivå nær loddrett under seg i fjellet.

Ein får på ny nokre korte glimt av utsikten ned Flåmsdalen, samt startpunktet for Flåm Zipline. Dette er den lengste ziplinen i Nord-Europa der ein kastar seg ut i eit luftig svev heilt ned til Kårdal.

Dette er dog blant det siste ein ser på turen, då det meste av dei få resterande minutta på turen til Myrdal er i tunnel eller snøoverbygg.

Myrdal er endestasjonen for Flåmsbana, men ein kan byte tog for å reise vidare med Bergensbanen. Myrdal var i si tid ei levande grend med fleire fastbuande og eigen skule, men er i dag mest som fråflytta å rekne.