Sykle Rallarvegen

Utforsk den historiske Rallarvegen frå sykkelsetet. I det opne høgfjellet kan ein sjå over hundre år med jernbanehistorie og den mektige Hardangerjøkulen i det fjerne.

© Norway’s Best / Sverre Hjørnevik

På seinsommaren kan ein sykle over Hardangervidda heilt frå Haugastøl, eller frå nord-Europas høgstliggjande jernbanestasjon på Finse, på den gamle anleggsvegen frå bygginga av Bergensbanen.


Etter å ha klatra over sitt høgste punkt svingar vegen seg ned stadig trongare og meir frodig terreng. I Klevagjelet ser du Kleivabrua, eit av dei mest imponerande bygga på Bergensbanen. Det mest dramatiske partiet på strekninga er kanskje der vegen stupar ned i Flåmsdalen med dei 21 hårnålssvingane i Myrdalsberget. Her kan den eventyrlystne ta snarvegen med Flåm Zipline - nord-Europas lengste zipline. Og ja, du kan faktisk ta med deg sykkel!
Les meir om Flåm Zipline her.

Herfrå føl vegen botn av Flåmsdalen, med stupbratte fjellsider på begge sider. Gamle klyngetun klamrar seg fast høgt oppe på fjellhyllene. På mange av dei er det framleis drift.

Til slutt kjem du ned til Flåm ved Aurlandsfjorden, innfallsporten til Nærøyfjorden verdsarvsområde.

Praktisk informasjon

  • Det 20 km lange partiet mellom Myrdal og Flåm tek om lag 2 timar å sykle. Her er det som regel snøfri veg juni - oktober.

  • Snøsmeltinga tillet normalt sett sykling over høgfjellet mellom Haugastøl og Myrdal frå midten av juli. Sjekk alltid snøforholda når du planlegg turen.

  • Været kan endre seg raskt i høgfjellet. Hugs varme og vasstette klede.

  • Det er begrensa med plass til syklar både på Flåmsbana og Bergensbanen. Hugs å kjøpe sykkelbillett om du skal ta med deg sykkel på toget.

  • Det er ofte enklare, og i nokon tilfeller billigare, å leige sykkel enn å ta med din eigen. Det er sykkelutleige på Myrdal, Finse og Haugastøl i tillegg til i Flåm. Syklar som vert leigd på Myrdal, Finse eller Haugastøl kan leverast inn i Flåm.

  • Ta deg god tid og hald låg fart. Dette gjeld spesielt på partiet ned Flåmsdalen der ein ofte kan møte på biltrafikk.

  • Turen kan delast opp i fleire etappar med overnatting på Finse, Hallingskeid (DNT hytte) eller Vatnahalsen Hotell.

© Norway’s Best / Sverre Hjørnevik

Ta med sykkel på Flåmsbana?

Dersom du planlegg å sykle Rallarvegen kan det vera verdt å undersøke moglegheita for å leige sykkel. Skilnaden i pris mellom å leige sykkel og å ta med eigen er ofte liten. Ta gjerne ein kikk på rallarvegen.com for praktiske råd og oppdaterte rapportar på snøforhold.
Om du skal ta med eigen sykkel, hugs å kjøpe sykkelbillett, då det er eit avgrensa tal plassar for sykler på toget.

Nyttige lenkjer

  • www.rallarvegen.com - informasjon om Rallarvegen, tips og oppdateringar om forholda på vegen. Sykkelutleige på Haugastøl, Finse og i Flåm.

  • www.hotelfinse1222.no - hotell og sykkelutleige på Finse

  • www.vy.no - billettar og rutetider for tog på flåmsbana og bergensbanen.

© Norway’s Best / Sverre Hjørnevik