Om Flåmsbana AS

Flåmsbana AS har det kommersielle ansvaret for reiselivsproduktet. I dette ligg det at selskapet er ansvarleg for sal og marknadsføring av Flåmsbana som reiselivsprodukt og reiseopplevinga gjestene har om bord.

Selskapet vart etablert i 1997 og har frå 1.1. 1998 hatt kommersielt ansvar for Flåmsbana.

© Norway’s Best / Sverre Hjørnevik

Om selskapet

Vygruppen AS (Vy) og Norways best Group AS (NBG) eig kvar 50% av selskapet. I tillegg til eigarskapen, er Vy ansvarleg for persontransporten på Flåmsbana og NBG sørger for heilskapleg reisemålsutvikling i Flåm-regionen. NBG har også ei viktig rolle i sal og marknadsføring av Flåmsbana. Gjennom dette samspelet mellom Flåmsbana AS og eigarane har ein utvikla Flåmsbana til å vere eit av Norges største reiselivsprodukt.

Flåmsbana starta med eit reisetal på om lag 350 000 i 1998 og nådde i toppåret 2017 eit reisetal på 990 000. Under covid-åra 2020-2022 hadde selskapet omfattande svikt i reisetalet som følgje av innreiserestriksjonar. Frå 2023 har talet på besøk teke seg opp, og reisetalet er no attende på nivået som var før covid. Gjestene kjem frå eit breitt spekter av geografiske marknader.

Selskapet har ein strategi om å vere «Ei av verdas vakraste togreiser». Flåmsbana er ei unik oppleving mellom fjord og fjell, for alle, heile året. Det er ein kombinasjon av spektakulær og vakker natur, ikonisk og solid tog, på ei unik og kompakt bane. Den unike plasseringa midt mellom Oslo og Bergen, med god infrastruktur opp mot veg, sjø og bane gjer Flåm og Flåmsbana tilgjengeleg heile året.