Flåm Zipline

Flåm Zipline gir store som små eit skikkeleg adrenalinkick. Startpunktet er på Vatnahalsen, ved den nest øverste stoppestaden på Flåmsbana. Nordens lengste zipline endar ved stølsysteriet i Kårdal. Her er det mogleg å leige sykkel for returen tilbake til Flåm. Togturen, zipline og sykkelleige er ein svært populær pakke som kan kjøpast på norwaysbest.com. Eventuelt så kan ein gå tilbake til Flåm til fots (16km) eller til Blomheller (4km), som er næraste haldeplass på Flåmsbana.

© Norway’s Best / Sverre Hjørnevik

Praktisk informasjon

  • Vatnahalsen er om lag 20 km frå Flåm stasjon. Det er ikkje bilveg til Vatnahalsen eller Kårdal. Den enklaste måten å komme seg til Vatnahalsen på er å ta tog.

  • Kjøp togbilettar både for tur og eventuell retur på førehand. Enkelte avgangar vert utseld sommarstid.

Nyttige lenkjer