Stasjonar og haldeplassar

1. Flåm stasjon

Flåm stasjon ligg på Fretheim ved Aurlandsfjorden og vart opna for midlertidig drift i 1940. Den opphavlege stasjonsbygningen er i dag bevart som ein del av Flåmsbana Museet. Den nye stasjonsbygningen vart teken i bruk i 1992 og ligg i kort avstand til både cruisehamn, hamn for rutegåande båttrafikk, busstopp, parkeringsplassar, butikkar, spisesteder og hotell.

2. Lunden Haldeplass

Haldeplassen vart opna i 1942 då Flåmsbana vart opna for ordinær persontrafikk. Dette er ein typisk haldeplass for Flåmsbana, med kort plattform i treverk og eit lite kassehus med venterom for dei reisande. Lunden ligg like ved Flåmselva, som renn langs jernbanelinja heile vegen frå Kjosfossen og ned den tronge Flåmsdalen.

3. Håreina haldeplass

Håreina haldeplass ligg ved Flåm, som frå gamalt av var sentrum i bygda og ein kyrkjestad. Flåm kyrkje vart først omtala i 1340, og truleg var det ei stavkyrkje her på denne tida. Byggmeisteren, Magne Essen, fekk lov til å rive stavkyrkja for å føre opp ei ny kyrkje på Flåm. Han bygde ei ny kyrkje, men diverre hamna den på Fretheim ved fjorden i staden for på Flåm. Den nye kyrkja stod ferdig i 1668, men blåste ned året etter. Essen fekk beskjed om å bygge den opp att, men då på rett plass. Flåm kyrkje som vi kjenner den i dag stod ferdig i 1670. I vegkanten ved Flåm kyrkje står det en bautastein til minne om diktaren Per Sivle. Per Sivle vart fødd i Flåm og skreiv dikt med et tydeleg politisk og nasjonalt innhald.

Bakgrunnsfoto: © Norway’s Best / Sverre Hjørnevik

4. Berekvam stasjon

Halvveges på Flåmsbana finn du Berekvam stasjon. Her er det kryssing av tog og manuelt sporskift, så da må trafikkstyraren på stasjonen sørge for at togene kjem på kvart sitt spor. Når det er kryssing av tog på Berekvam er det berre av- og påstiging for eit av toga, då det berre er plattform ved eit av spora.

5. Blomheller haldeplass

Blomheller haldeplass ligg 458 meter over havet ved garden Melhus i Flåmsdalen. Haldeplassen kunne ikkje få namnet Melhus, fordi dette namnet allereie var teke av Melhus stasjon på Dovrebanen.

6. Kjosfossen haldeplass

Kjosfossen haldeplass er et av høgdepunkta på Flåmsbana. Fossen er en av Norges mest besøkte turistattraksjonar. Fossen har en høgde på 225 meter fordelt på fleire fall frå Reinunga vatnet og ned i vasstunnelen under jernbanelinja.

Flåmsbana passerer i perfekt vinkel til utsikt mot fossen. Når vassføringa er stor kan ein kjenne drevet frå fossen mot andletet. Haldeplassen vart bygd i 1951 med den hensikt at reisande skulle kunne gå av toget for å sjå fossen. Her ligger også Kjosfossen kraftstasjon som nyttar vatnet frå høgfjellet til å drifte mellom anna Flåmsbana.

Bakgrunnsfoto: © Norway’s Best / Chris Baldry

7. Reinunga haldeplass

I luftlinje ligg Kjosfossen haldeplass og Reinunga haldeplass berre 400 meter frå kvarandre, men for å klare stigninga er køyrelengda mellom stasjonane over 2 kilometer. Frå Reinunga til neste stasjon, Vatnahalsen, er sporet lagt i en hesteskoforma slynge av same grunn. Det opphavlege namnet på Reinunga haldeplass var Kjosfoss haldeplass. Haldeplassen måtte derimot døypast om når Kjosfossen haldeplass vart bygd.

8. Vatnahalsen haldeplass

Ved denne haldeplassen finn du Vatnahalsen Høgfjellshotell. Hotellet har eksistert sida 1896 og var truleg det første hotellet i fylket som fekk lagt inn elektrisitet. I 1930-åra auka påsketurismen og hotellet hadde rykte på seg som ein populært feriestad. Under krigen vart hotellet okkupert av tyskarane, og under ein fest der nokon var uforsiktig med varmen brann hotellet ned til grunnen.  I 1953 starta bygginga av nytt hotell, og året etter kunne ein på ny opne dørene til et heilt nytt Vatnahalsen Høgfjellshotell.
Frå Vatnahalsen går Nordens lengste Zipline ned til stølen Kårdal i Flåmsdalen.

9. Myrdal stasjon

Jernbanegrenda Myrdal har vore eit knutepunkt på Bergensbanen i over 100 år, men det er ingen køyrbar vegforbindelse til Myrdal. Den gamle anleggsvegen frå Flåm, som vart nytta då Bergensbanen blei bygd (Rallarvegen), er berre i bruk som vandre- og sykkelveg. Myrdal stasjon ligg mellom to tunnelar på Bergensbanen og er også endestasjon på Flåmsbana. Dei fleste som går av på denne stasjonen skal bytte tog, men Myrdal er også et populært utgangspunkt for fot- og sykkelturar.

På Myrdal stasjon har Cafe Rallaren ope om sommaren. Utanom cafeen sine opningstider er det tilgang på snacks og forfriskingar på automatar.

Bakgrunnsfoto: © Norway’s Best / Chris Baldry