Café Rallaren

Café Rallaren ligg på Myrdal stasjon, knutepunktet mellom Flåmsbana og Bergensbanen. Her er det også sykkelutleige, suvenirsal og bagasjeoppbevaring.

Me har eit utval varme og kalde rettar, øl- og vinservering når kaféen er ope sommarstid. Vinterstid har vi varer i automat. Café Rallaren er ei vidareføring av restauranttilbodet som har vore på Myrdal sidan 1909, kort tid etter at Bergensbanen vart fullført. Frå sommaren 2024 er Café Rallaren AS eigd av Flåmsbana AS.

Sjå caferallaren.no for meny, opningstider og meir informasjon.

© caferallaren.no