Flåmsbana si
historie
1871 - 1923 EI SIDEBANE TIL BERGENSBANEN?
I 1871 vart dei første planane om å bygge ei sidebane til Bergensbanen lagt fram av forstmester Hans Gløersen frå Voss. Formålet med sidebana var å knytte Bergensbanen til ei hamn ved Sognefjorden, for slik å få forbindelse til dampskipstrafikken mellom bygdene i Indre Sogn. På denne tida hadde ikkje desse bygdene vegforbindelse til resten av landet, noko som medførte at det meste av gods-, post og persontransport måtte gjennomførast med skip til Bergen eller med hestetransport over fjella.