Flåm Utvikling kjøper Cafe Rallaren
Flåm Utvikling AS har kjøpt Cafe Rallaren AS, selskapet som driv Cafe og sykkelutleige på Myrdal stasjon.
Bakgrunnen for oppkjøpet er at Flåm Utvikling ynskjer å bidra til utvikle kundeopplevinga og fasilitetane på Myrdal stasjon.
-Me ser behov for oppgradering av kundearealet som følgje av auka trafikk. Det er vanskeleg for ein tredjepart å skape utvikling utan eigarskap eller leigeavtalar på stasjonane. Ved å kjøpe opp Cafe Rallaren kjem vi i posisjon til å kunne investere i fasilitetar og tilbod til gjestene, seier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling.
Søstrene Marit og Beate Bjørnestad har drive kafeen i 17 år. Beate vil halde fram som leiar for Cafeen, medan Marit går av med pensjon.
-Dei har gjort ein fantastisk jobb i mange år. No skal vi vidareutvikle det dei har bygd opp, og vi er veldig glad for å ha med oss Beate. På kort sikt vil det vera snakk om mindre justeringar i drifta, men i løpet av året ynskjer vi å forbetre heilårstilbodet. Nøyaktig kva oppgraderingar gjestene har i vente må vi komme tilbake til, seier Bakk.