Flåmsbana AS søker bookingmedarbeidar

Flåmsbana AS utvidar avdelinga for booking og billettsal med ei ny stilling. Avdelinga handsamar reservasjonar for grupper og turoperatørar frå inn- og utland og driv billettekspedisjonen på Flåm stasjon.  Vi samarbeider også tett med aktørar som bl.a. Norway’s best, Entur, Fjord Tours og Vy om distribusjon av togbillettar.

Vi jobbar både med reservasjonar langt fram i tid, og organisering av dei daglege besøka.

Sjølv om vi har mange gjester er vi likevel eit lite selskap, noko som gir ein spanande og variert arbeidskvardag.

Vi ser etter ein strukturert, grundig og påliteleg kollega. Erfaringar med bestillingar i reiselivs- og transportsektoren er ein fordel, men langt viktigare er det at du er nyfiken og lærevillig. Du må beherske engelsk både munnleg og skriftleg, og vera profesjonell og sørvisorientert i møte med gjester, kollegaer og partnarar. Arbeidet krev at du tileignar deg grunnleggande norskkunnskapar om du ikkje allereie har det.

 

VI TILBYR:

·         Ei spanande stilling i eit internasjonalt og fagleg sterkt arbeidsmiljø

·         Interessante og varierte arbeidsoppgåver

·         Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

·         Konkurransedyktige vilkår

 

Stillinga har arbeidsstad i Flåm, og krev arbeid morgon, kveld, laurdagar og søndagar etter rotasjon.

Søknad og CV sendast til sindre@visitflam.com innan 8. november. Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller om du ynskjer meir informasjon.

Flåmsbana AS er eit reiselivsselskap med ansvar for produktutvikling, sal og marknadsføring av Flåmsbana, ein av Noregs største og mest spektakulære turistattraksjonar med over ein halv million gjester årleg. Flåmsbana AS er eigd av Norway’s best Group AS og Vygruppen. Selskapet består per no av 13 tilsette samt om lag 50 sesongarbeidarar i hovudsesongen mai-september

Neste
Neste

Flåmsbana AS er nominert til prisen Årets bedrift i Sogn